onsdag 23. april 2014

Men prosjektet var ikkje dødt...!

Til trass for at det ikkje har vore innlegg å spore her på bloggen på over ein månad, så har eg altså ikkje forlatt symaskinen. Status på gåver er følgjande:

Ein nøkkelkatt til ei katteglad tante, ho trudde at ei av jentene våre hadde laga den. Og eg måtte opplyse om kva det skulle forestille... Det var kanskje ikkje den strålande debuten på eige design som eg kanskje hadde håpa på, men eg må jo innrømme at Tante T har eit poeng. Udelt suksess der altså.
Katt det var?

Deretter laga eg ei pysjbukse som var så stygg at eg bestemte meg for å ikkje levere ho til bursdagsbarnet. Det er trass alt grenser for kva mine stakkars slektningar skal måtte tåle. Der ligg eg altså ei gåve i minus, men gir meg sjølv eit bonuspoeng for forsøket, samt eitt for god sjølvinnsikt.

Etter dette ubrukelege forsøket la eg lista heilt ned på golvet. Eg trur eg klarte å finne det enklaste prosjektet i verda, nemleg ein hals. Det går sånn: 
1. Klypp. 
2. Sy. 
3. Vreng. 
4. Sy. 
5. Ferdig!

Dersom dette blei litt tynt, kan du for eksempel bruke denne framgongsmåten.

Skikkeleg fint blir det også:
Innertiar frå Singer og co.

Sidan eg som kjent er velsigna med overraskande dårleg hukommelse og ein litt for stor porsjon overmot bestemte eg meg deretter for å gå laus på ei ny pysjbukse. Denne gongen drassa eg symaskinen med meg på påskeferie hos ho mor. Det viste seg å vera svært lurt. Mamma spør nemleg spørsmål av denne typen: Neimen, har du laga buksa lik framme og bak??? (Eg ser litt blankt på ho.) Eg må deretter innrømme at eg aldri har tenkt over at bukser stort sett er høgare bak enn framme, og at dei helst bør svinge meir ut bak for å gjere plass til enden av ryggen. Medan me står der og stiller kritiske spørsmål til arbeidsprosessen min plukkar eg opp ein heil haug med nyttige tips av mammo, som viser seg å kunne ein heil del om dette. Hurra for kloke mødre! La meg for enkelhets skyld oppsummere dette med pysjbukse:

- IKKJE lytt til "erfarne" pysjfolk som seier "legg ei passande pysjbukse på papir og teikne av. Klipp fire like deler av dette mønsteret." (Eg likar å gjere til stemma når eg seier det, for dei som seier det er SKIKKELEG teite) Nei. Nei. Nei. Det blir berre stygt. 
- Bruk eit buksemønster til for eksempel ei joggebukse, og dropp eventuelle elastiske brot på føtene. Eg var så heldig å komme over ein bunke gamle syblad med mønsterark, der var det ei slik. 

Eg behaldt linninga oppe, og sette inn strikk rundt anklane. Tidlegare storhandel på internettet gjorde at eg sat på eit lekkert stykke flanell type grå. Mottakaren sin forbokstav blei deretter sirleg applikert på leggen, og eg må innrømme at eg er ganske fornøgd med resultatet (sjølv om eg i ettertid innser at strykejernet godt kunne strøke innom):
B for Bavansert!
Mjuk og fin
Bursdagsbarnet såg ut til å vera enig med meg, buksa var i allefall på langt utover leggetid.

Eg skal ikkje påstå at alle gåvene til no har blitt overlevert på sjølve bursdagen. Det som blir spennande no er å sjå korleis eg klarer meg gjennom mai månad, der er det tett med bursdagar og me skal dessutan gifte i byrjinga av juni... Klarer eg meg forbi det utan at Singeren og eg går kvar vår veg så trur eg dette kan vere starten på eit vakkert venskap.








Etiketter: , ,

2 Kommentarer:

Blogger Ingvild sa ...

Hei Solveig!

Terje på klatringa fortalte at du hadde ein blogg, så då måtte eg inn og sjekke opp! Så kjekt med håndarbeid, det likar me! Som du sikkert ser så har eg meg ein blogg eg også, om alt muleg styr, men det er no koseleg å putle på innimellom.

Helsing Ingvild frå klatringa (med hønsa)

28. april 2014 kl. 21:32  
Blogger Solveig sa ...

Hei Ingvild!
Kom plutseleg på å sjekke bloggen, den får ikkje mykje kjærleik i desse bryllupstider... Kva er adressa til bloggen din? Må sjekkast! :-)
Snakkast plutseleg! :-)

22. mai 2014 kl. 16:49  

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden