fredag 15. august 2014

Eg trur det kjem sukk frå syrommet...

Eg trur Singeren prøver å seie meg noko. Det er ikkje det at den ikkje har blitt brukt i løpet av dei siste månadane. Sjå berre på dette:
Ganske vellykka hårband

Direkte mislykka nøkkelanheng. Vart uskadeleggjort etter fotograferinga.

Det er nok meir tanken på det han veit kjem til å skje framover som får Singer til å skjelve i pedalen. Eg har nemleg tenkt å gyva laus. Det tidlegare omtalte bryllupet har gått av stabelen. Ein heil sommar full av sol, strand, fiskelykke, ikkje fiskelykke, bading, grilling, lesing, lesing og lesing er overstått. Lista over dei som får bursdagsgåva overraskande seint er etter kvart lang (Bror, bror, grandnevø (latterleg pysjbukse vart riktignok produsert men ikkje overlevert), niese, svigerinne). Eg har også laga eit unntak til prosjektet, det går cirka sånn: 

I periodar med komplett kaotisk timeplan og høg puls er det, dersom godkjent av kontrollinstansen, lov å gi vekk bøker eller blomar. Eller Nano-lego.

Kontrollinstansen er min mann. Han nikkar samtykkande når tida ikkje strekk til. Unntaket kjennes LITT ut som eit nederlag, men eg vel å sjå på det som ein overgongsfase. No er eg nemleg klar for å komme heilt fullstendig ajour. I løpet av helga skal eg lage gåva til mamma, ho har bursdag på tysdag. Og har vore så grei å gå ifrå sitt opprinnelege ønske, ytra i januar: "Å, eg gler meg til å få bursdagspresangen min! Eg ønskjer meg ein drakt!". Realitetsorientert ytring i august: "Hadde vore kjekt med ei sånn mappa eg kan ha strikkepinnane mine i!" Snille, gode mamma: Du skal få verdas finaste strikkepinnemappe!!!

Etiketter: , , ,

onsdag 23. april 2014

Men prosjektet var ikkje dødt...!

Til trass for at det ikkje har vore innlegg å spore her på bloggen på over ein månad, så har eg altså ikkje forlatt symaskinen. Status på gåver er følgjande:

Ein nøkkelkatt til ei katteglad tante, ho trudde at ei av jentene våre hadde laga den. Og eg måtte opplyse om kva det skulle forestille... Det var kanskje ikkje den strålande debuten på eige design som eg kanskje hadde håpa på, men eg må jo innrømme at Tante T har eit poeng. Udelt suksess der altså.
Katt det var?

Deretter laga eg ei pysjbukse som var så stygg at eg bestemte meg for å ikkje levere ho til bursdagsbarnet. Det er trass alt grenser for kva mine stakkars slektningar skal måtte tåle. Der ligg eg altså ei gåve i minus, men gir meg sjølv eit bonuspoeng for forsøket, samt eitt for god sjølvinnsikt.

Etter dette ubrukelege forsøket la eg lista heilt ned på golvet. Eg trur eg klarte å finne det enklaste prosjektet i verda, nemleg ein hals. Det går sånn: 
1. Klypp. 
2. Sy. 
3. Vreng. 
4. Sy. 
5. Ferdig!

Dersom dette blei litt tynt, kan du for eksempel bruke denne framgongsmåten.

Skikkeleg fint blir det også:
Innertiar frå Singer og co.

Sidan eg som kjent er velsigna med overraskande dårleg hukommelse og ein litt for stor porsjon overmot bestemte eg meg deretter for å gå laus på ei ny pysjbukse. Denne gongen drassa eg symaskinen med meg på påskeferie hos ho mor. Det viste seg å vera svært lurt. Mamma spør nemleg spørsmål av denne typen: Neimen, har du laga buksa lik framme og bak??? (Eg ser litt blankt på ho.) Eg må deretter innrømme at eg aldri har tenkt over at bukser stort sett er høgare bak enn framme, og at dei helst bør svinge meir ut bak for å gjere plass til enden av ryggen. Medan me står der og stiller kritiske spørsmål til arbeidsprosessen min plukkar eg opp ein heil haug med nyttige tips av mammo, som viser seg å kunne ein heil del om dette. Hurra for kloke mødre! La meg for enkelhets skyld oppsummere dette med pysjbukse:

- IKKJE lytt til "erfarne" pysjfolk som seier "legg ei passande pysjbukse på papir og teikne av. Klipp fire like deler av dette mønsteret." (Eg likar å gjere til stemma når eg seier det, for dei som seier det er SKIKKELEG teite) Nei. Nei. Nei. Det blir berre stygt. 
- Bruk eit buksemønster til for eksempel ei joggebukse, og dropp eventuelle elastiske brot på føtene. Eg var så heldig å komme over ein bunke gamle syblad med mønsterark, der var det ei slik. 

Eg behaldt linninga oppe, og sette inn strikk rundt anklane. Tidlegare storhandel på internettet gjorde at eg sat på eit lekkert stykke flanell type grå. Mottakaren sin forbokstav blei deretter sirleg applikert på leggen, og eg må innrømme at eg er ganske fornøgd med resultatet (sjølv om eg i ettertid innser at strykejernet godt kunne strøke innom):
B for Bavansert!
Mjuk og fin
Bursdagsbarnet såg ut til å vera enig med meg, buksa var i allefall på langt utover leggetid.

Eg skal ikkje påstå at alle gåvene til no har blitt overlevert på sjølve bursdagen. Det som blir spennande no er å sjå korleis eg klarer meg gjennom mai månad, der er det tett med bursdagar og me skal dessutan gifte i byrjinga av juni... Klarer eg meg forbi det utan at Singeren og eg går kvar vår veg så trur eg dette kan vere starten på eit vakkert venskap.








Etiketter: , ,

torsdag 20. mars 2014

Og så var det Kjærleiken...

Kva gjer ein så, når Kjærleiken har bursdag? Kva er det inni denne?

Min kjære sambuar/forlovede er ein hylar på kjøkenet. Til min (og til vener og familie sin) fornøyelse synst han det er toppen av lykke å få lukke kjøkkendøra, skru på radioen og fordjupe seg i grytene til dei (ikkje bokstavleg) boblar over av deilige, duftande godsaker. Og kva er då meir naturleg enn å ikle han eit kokkeforkle? Tenkjer eg då i allefall.

Med dette som utgongspunkt sette eg i gong med Stiches in play si oppskrift. Enkelt og greit, sidan eg no har fått dreisen på både sting og kutting. Hovmod står som kjent for fall. Eg hadde nemleg bestemt meg for, etter stor suksess i tidlegare forsøk, å påføre eit snedig lite Julia Child-sitat på forkleet. Med noko knapp tidsmargin ferdigstilte eg som den rutinerte lappepåstrykaren eg no etter kvart er blitt forkleet med sikre hender. Sluttresultatet ser du her:
Kor er det blitt av Julia Child, mon tru? Joda. Du har kanskje gjetta det, det hamna på baksida.
Paradoksalt nok kan eg trygt seie at dette ikkje vart 100% the way it should.


Etiketter: ,

tirsdag 18. februar 2014

Dr. Who som inspirasjon

Denne gåva gleda eg meg lenge til å laga! Niesa mi fylte 18 år på søndag, og eg visste at her bar det rett til tv-serien Dr. Who for å hente inspirasjon. Dette er favorittserien hennar, og i tillegg ein serie full av gullsitat (har ein snikande mistanke om at desse to tinga heng saman på eit vis...) No kan eg ikkje sei å ha sett mykje på serien sjølv, men den er eit oppkomme av gode replikkar som eg tenkjer å boltre meg i gjennom resten av dette innlegget. Så er du advart.


Tanken var å lage ei veske i ullfilt Dr. Who-style. Eg fann ei oppskrift på ei perfekt veske til formålet, berre ei lita hake der, og det er at ho er på russisk: arinarasputina blei dermed kjørt gjennom Google Translate med vekslande hell, men det såg gjennomførbart ut. Eller som doktoren sjølv ville sagt det: It isn't rocket science, it's just quantum physics.


Planen var å påføre ulike sitat på veska, saman med ei tversoversløyfe. Bow ties are nemlig cool. Eg kjøpte for ca. hundre år sidan nokon lure Lazertran-ark for å overføre print til tekstil. Litt usikker på kva eg skulle med dei i utgongspunktet, men no hadde dei plutseleg eit krystallklart føremål:

Do what I do. Hold tight and pretend it’s a plan!



















Dessverre fekk eg ikkje brukt mine nyvunne russiskkunnskapar i denne omgong, då eg etter å ha sett resultatet frå printinga mi såg at dette skulle bli ei heilt anna veske. Nemlig Messenger Bag frå Crazy Little Projects. Kjekk veske å sy, sjølv om eg valde idiotiske stoff å sy med... Særleg sidan eg ikkje før etterpå fant ut (etter å ha snakka med ekspertrådet på sybutikken) kvifor tråden min klumpa seg på undersida. Eg har heile vegen tredd maskinen min feil... Eller: Eureka! som det og kan kallast. Truleg blir livet med symaskinen lysare frå no av. Tilbake til veska: Imitert skinn på sidene og som skulderreim, lett stretch-stoff til sjølve veska. Poplinstoff til fôr. Neste gong (for dette er ei veske eg glatt kan lage igjen) held eg meg til bomullsstoff tenkjer eg...

Eg laga ei lita tredelt lomme inni veska til mobil, penn og blå telefonkiosk. Sjølv om ho ikkje gjer seg fullt så godt på nært hald som på avstand, og sjølv om eg framleis har mareritt om at ho skal ramle frå kvarandre grunna mine klumpete saumar, er eg ganske nøgd med resultatet:
Sjarmerande skakk, men veldig ferdig!

Påsydd Dr. Who-sitat på baksida

Midt på treet-lur idé om å stryke på eit merke på baksida av skulderreima.

Nærbilete av merket på baksida

Høg sjarmfaktor her altså. Bow ties are cool!


Etiketter: , ,

søndag 9. februar 2014

Hei, mamma!

Gratulera med dagen! Gratulera med dagen alle andre mammaer og forresten! Eg var så heldig å vakne opp til denne fantastiske morsdagsgåva i dag:
Gjenbrukbar kjærleik!
Sidan eg er svak for både lego og hjarter kunne eg ikkje fått ei betre gåve. Det er ei til på veg, men akkurat som mor si kjenner seksåringen på tidsklemma. Tjue minutt før leggetid ser gåva frå henne slik ut:
Imponerande sying av seksåringen!

Eg gler meg mildt sagt vilt til å motta ferdig produkt, dette skal nemleg bli ei hjartepute!

Tilbake til mammo: Hei, mamma. Du er fantastisk! Som nevnt blir gåva di overlevert her, sidan me ikkje sjåast før neste helg. Versågod, her er ei stoffkorg (den har eg laga sjølv):
I teorien ei ganske enkel oppgåve å sy... I teorien.
Korga har eg laga etter denne malen frå Purl Bee: Sewn Stash Basket. Ikkje avanserte greier dette, men eg fekk meir enn litt trøbbel med å sy korga saman. Det sto ikkje på mengden knappenåler, for der halte eg i land ein imaginær OL-medalje:
 Det å sy saman åtte lag med stoff og to lag med for viste seg å vera litt av ei utfordring for Singeren. Eller eventuelt meg. Ringrevar innan syfaget ville nok sagt at eg "burde [passande syteknisk uttrykk] ved hjelp av [passande dings på symaskinen], fordi dette er eit klassisk tilfelle av [passande typisk problem når ein syr mange lag] " Dessverre kjenner eg få ringrevar innan sying, så det blei til at eg sydde, spretta opp, sydde, spretta opp og deretter sydde. Heldigvis for meg er dette noko som ein fortrinnsvis skal ha ting oppi, ingen kjem til å sjå den ubrukelege innsida. Bruksområde, seier du? Mange. Til dømes:
Garnkorg
Hue- og skjerfkorg

Dopapirkorg

Frårådd bruksområde:
Kongekorg

Etiketter: , , ,

fredag 17. januar 2014

Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!

Grunna tett program i veka fekk eg ikkje henta min etterlengta pakke frå internettet før fredag. Men - o lykke - der var det mykje gull! Heldigvis, for med seksåringen veldig klar for bursdag hos nabojenta og samtidig svoren motstandar av gåveprosjektet (EG VIL GI KJØPEPRESANG!!!!) hadde eg litt av ein overtalingsjobb føre meg. Etter snart sju år med øving i faget, har eg eit og anna triks i ermet på området. Fargen rosa slår aldri feil, og med prikkete stoff og lovnad om rosa blomepynt vann eg veslesjefen over. 

Denne gongen brukte eg little girl pearl purse, og alle sorger grunna teit glidelås er herved gløymt. Veske utan glidelås er nemlig berre gøy! Kan anbefalast på det sterkaste, sjå så søt den blei!
Men veka var ikkje over, begge jentene skulle i bursdag i løpet av seks dagar. Gåve nr 2 skulle ikkje vere noko stort problem, givaren og eg hadde allereie avtalt at eg skulle sy eit hårbånd. Easy-peasy tenkte eg. Og det var det jo for såvidt og. Bortsett frå at det nesten ferdige resultatet ikkje vart heilt slik givaren hadde sett for seg. (Bilete av denne vil dukke opp før du anar, då denne skal ferdigstillast i håp om at den får bli gåva til nokon andre. Eg trur nemlig at sjarmen ligg i detaljane....) Uansett møtte eg her på ei utfordring. Det må vera gåver som er kjekke å gi, kjekke å få. Dersom dei kriteria ikkje er oppfylte må eg prøve igjen. Der satt eg altså, med veldig begrensa tid og eit stort behov for å levere kvalitet til "kunden"! Kva gjer eg? Jo, eg kjører det gamle (fleire veker faktisk) sjongleringstrikset. Til klar ståkarakter frå givaren, og angiveleg også frå mottakaren presterte eg dette på Singeren på relativt få timar:
Snedig snørepatent på toppen der altså.
Det blir ikkje meir matchande enn dette!



Etiketter: , , , ,

lørdag 11. januar 2014

Hurra - første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an å bli.... Ein halvtime uti prosjektet innsåg eg at eg hadde lydboka på utan at eg hadde oppfatta eit ord av det fantastiske Kim Haugen med den vakre røysta las. Ein time seinare oppdaga eg dessutan den fulle koppen med kald te ved sida av meg. Det viste seg nemleg fort at nybegynnarsying krev ALL konsentrasjon og MYKJE tid. Toalettveska til frøken bursdagsbarn har mange arbeidstimar i seg, saman med nyttig visdom eg tar med meg vidare til neste prosjekt! 

Altså: Der sat eg, med Noodlehead si herlege og tilsynelatande enkle (hallo igjen, Naiviteten min!) open wide zippered pouch. Full av pågongsmot og med heile tre timar til disposisjon gauv eg laus på mi første bursdagsgåve. Med tydelege bilete og god skildring av prosessen tok eg meg glatt gjennom første avsnitt. Så hende det noko. Setninga starta "Use your zipper foot...". Då stoppa eg. Zipper foot? Aldri høyrt om. Truleg grunna høge, sinte rop tilsynelatande retta mot stakkars iPaden kom Kjærleiken til unnsetning og spurte om eg ikkje hadde ein sånn der boks på symaskinen med deler i? Eh....jo. Etter litt googling og youtubing fant eg ikkje berre ut kva ein zipper foot var, men også korleis eg skulle bruke den. Tilbake på sporet!

Det å setje i glidelås viste seg å vera skikkeleg vanskeleg. Heldigvis visste eg ikkje at det er noko amatørsyarar skuggar unna, eg gjekk berre ut frå at eg ikkje var nøyaktig nok. På tredje forsøk passerte glidelåssaumen sensuren, og frå det punktet av gjekk resten av jobben overraskande greit. Den einaste øvrige smellen eg gjekk på var at eg sydde på mine små dekorhjerter for nær kanten av ytterstoffet. Desse måtte eg flytte lenger inn på grunn av botnen på veska. Og her er resultatet:
Mottakaren vart ikkje avskremt (trur eg), og eg er ganske nøgd med starten min!

Etiketter: , ,