fredag 17. januar 2014

Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!

Grunna tett program i veka fekk eg ikkje henta min etterlengta pakke frå internettet før fredag. Men - o lykke - der var det mykje gull! Heldigvis, for med seksåringen veldig klar for bursdag hos nabojenta og samtidig svoren motstandar av gåveprosjektet (EG VIL GI KJØPEPRESANG!!!!) hadde eg litt av ein overtalingsjobb føre meg. Etter snart sju år med øving i faget, har eg eit og anna triks i ermet på området. Fargen rosa slår aldri feil, og med prikkete stoff og lovnad om rosa blomepynt vann eg veslesjefen over. 

Denne gongen brukte eg little girl pearl purse, og alle sorger grunna teit glidelås er herved gløymt. Veske utan glidelås er nemlig berre gøy! Kan anbefalast på det sterkaste, sjå så søt den blei!
Men veka var ikkje over, begge jentene skulle i bursdag i løpet av seks dagar. Gåve nr 2 skulle ikkje vere noko stort problem, givaren og eg hadde allereie avtalt at eg skulle sy eit hårbånd. Easy-peasy tenkte eg. Og det var det jo for såvidt og. Bortsett frå at det nesten ferdige resultatet ikkje vart heilt slik givaren hadde sett for seg. (Bilete av denne vil dukke opp før du anar, då denne skal ferdigstillast i håp om at den får bli gåva til nokon andre. Eg trur nemlig at sjarmen ligg i detaljane....) Uansett møtte eg her på ei utfordring. Det må vera gåver som er kjekke å gi, kjekke å få. Dersom dei kriteria ikkje er oppfylte må eg prøve igjen. Der satt eg altså, med veldig begrensa tid og eit stort behov for å levere kvalitet til "kunden"! Kva gjer eg? Jo, eg kjører det gamle (fleire veker faktisk) sjongleringstrikset. Til klar ståkarakter frå givaren, og angiveleg også frå mottakaren presterte eg dette på Singeren på relativt få timar:
Snedig snørepatent på toppen der altså.
Det blir ikkje meir matchande enn dette!



Etiketter: , , , ,

lørdag 11. januar 2014

Hurra - første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an å bli.... Ein halvtime uti prosjektet innsåg eg at eg hadde lydboka på utan at eg hadde oppfatta eit ord av det fantastiske Kim Haugen med den vakre røysta las. Ein time seinare oppdaga eg dessutan den fulle koppen med kald te ved sida av meg. Det viste seg nemleg fort at nybegynnarsying krev ALL konsentrasjon og MYKJE tid. Toalettveska til frøken bursdagsbarn har mange arbeidstimar i seg, saman med nyttig visdom eg tar med meg vidare til neste prosjekt! 

Altså: Der sat eg, med Noodlehead si herlege og tilsynelatande enkle (hallo igjen, Naiviteten min!) open wide zippered pouch. Full av pågongsmot og med heile tre timar til disposisjon gauv eg laus på mi første bursdagsgåve. Med tydelege bilete og god skildring av prosessen tok eg meg glatt gjennom første avsnitt. Så hende det noko. Setninga starta "Use your zipper foot...". Då stoppa eg. Zipper foot? Aldri høyrt om. Truleg grunna høge, sinte rop tilsynelatande retta mot stakkars iPaden kom Kjærleiken til unnsetning og spurte om eg ikkje hadde ein sånn der boks på symaskinen med deler i? Eh....jo. Etter litt googling og youtubing fant eg ikkje berre ut kva ein zipper foot var, men også korleis eg skulle bruke den. Tilbake på sporet!

Det å setje i glidelås viste seg å vera skikkeleg vanskeleg. Heldigvis visste eg ikkje at det er noko amatørsyarar skuggar unna, eg gjekk berre ut frå at eg ikkje var nøyaktig nok. På tredje forsøk passerte glidelåssaumen sensuren, og frå det punktet av gjekk resten av jobben overraskande greit. Den einaste øvrige smellen eg gjekk på var at eg sydde på mine små dekorhjerter for nær kanten av ytterstoffet. Desse måtte eg flytte lenger inn på grunn av botnen på veska. Og her er resultatet:
Mottakaren vart ikkje avskremt (trur eg), og eg er ganske nøgd med starten min!

Etiketter: , ,

mandag 6. januar 2014

Eit oppgjer med klesskapet

Problem: 
Som dei fleste andre av mitt kjønn har eg ikkje noko å ha på meg. Dette har utruleg nok ikkje blitt nemneverdig betre av gjentatte handleturar, så etter kvart har det demra for meg at problemet kanskje ikkje er innhaldet i klesskapet men augo som stirrar tomt inn i det. 

Løysing: 
Pakke alt innhald inkludert sko, vesker og tilbehør i bilen (sørg for å ha stor nok bil...) og setje kursen mot nokon med samme problem/synsforstyrring. Eg så gjorde i helga, og det kan absolutt anbefalast. Med på lasset var eit klesstativ, nyttig for å få fram godbitane.

That 70's Dress
Klar for oktoberfest?
Med felles mål lo me to håplause oss gjennom kvelden. Me utvikla overraskande raskt ein kvass sensurteknikk som ikkje gav rom for sentimentalitet og usaklege argument, og sto til slutt att med eit utval klær som utruleg nok hadde vore der heile vegen. Berre godt kamuflert av nuppete og falma favorittar, golden oldies som ikkje hadde lufta seg på eit lite tiår og eit og anna bomkjøp med prislappen på... Eg endte opp med å konkludera at eg ikkje treng å kjøpa anna enn eit par strikkejakker og litt bling. Lommebok-opptur! Dessutan kom eg heim med ein kasse full av ting som treng ein liten runde med symaskinen. Forsetjing følger på den.... Det ligg også an til ein bytekveld om ikkje lenge. Eg fann forresten tilbake til mamma sin slager frå 70-talet, den får bli hos meg!


Etiketter: , ,

fredag 3. januar 2014

Plutseleg i gong

Då jentene kom heim frå SFO i dag var dei fulle av ny kunnskap om sjongleringskunsten, og dessutan tilbøyelege til å (prøve å) sjonglere med alt av lausøyre. Eg tok meg derfor truleg kraftig vatn over hovudet då eg overilt utbraut "eg kan sy sjongleringsballar til dåko!". Ikkje før er planen om å børsta støvet av symaskinen lansert, så er eg hovudstups nede i gryta med overmot.

Uansett, her bar det rett til symaskinen. Sidan fruktene av mitt nylege shoppingraid på nettet ikkje har komme meg i hende ennå, var eg idag prisgitt det eg hadde av stoff på lager. Ikkje mykje å skryta av, sjølv om minstejenta kjapt valgte seg ut det tidlegare omtalte limefarga stoffet som paradoksalt nok ein gong skulle bli ein kjole. Til ho. 

Takka vere bestis Pinterest lokaliserte eg denne oppskrifta hjå inspirerande Living with Punks: Japanese Otedama Bags. Eg hadde eit par avvik frå oppskrifta. For det første har eg jo planlagt å lage gåvene på symaskin. Då var det ein aldri så liten strek i rekninga at dama hadde laga desse ved hjelp av handsaum. Pytt, tenkte eg. Går nok fint på maskin også. Sikkert finare og... For det andre har eg heller ikkje mottatt mi splitter nye tekstilsaks frå internettet endå, derfor vart prosessen som i oppskrifta er skildra som "cut lots of 1 3/4" x 3 1/2" strips" forsøkt utført med husets rose-/kjøkken-/papir/-multisaks. Mulig min definisjon av ordet "lots" derfor endra seg drastisk i løpet av kort tid, sikkert er det i allefall at mykje av sjarmen sluttprodukta innehar skriv seg frå denne delen av produksjonen.

Med friskt mot og to ivrige assistentar/konsulentar/kritikarar hengande over skuldera gøyv eg laus på saumarbeidet. To minuttar seinare hadde medarbeidarane blitt plassert på trygg avstand i stova, langt borte frå til dømes symaskinpedalar. 


Eg skal ikkje påstå at det ikkje kosta litt svette, og det er kanskje ikkje så lett å sjå frå følgjande bilete, men resultatet er faktisk lovande. Dette gjekk nemleg over ALL forventning. Hurra for symaskinen og litt hurra for meg og! No gjenstår det berre å passe på at sjongleringsballane ikkje hamnar i hummus-skåla... God fredag!

Etiketter: , ,

No er det Singer og eg



Møt Singer. Sterkt neglisjert hushaldningsapparat med grimme framtidsutsikter. Maskinen har stått standby år etter år, kun uroa av lengtande blikk frå underteikna. Eg har alltid ønska at eg kunne bruka herligheten, men av ein eller anna grunn har terskelen vore for høg. Det einaste eg kan skilta med er ein usedvanleg lite sjarmerande limefarga barnekjole i størrelse eitt år som ligg halvferdig i ein kasse. Det er det heile. No er ho som skulle få kjolen byrja på skulen... 

Til no i livet har mine trufaste følgesvener vore strikkepinnane og heklenåla. Dette er året då forholdet mitt til symaskinen skal gå frå overdimensjonert ærefrykt til...ja...gjensidig respekt. Korleis har eg tenkt å oppnå dette seier du? Gjennom å lage (nesten) alle årets gåver på den, vel!  Dette må seiast å vera noko ambisiøst, særleg sidan eg har tenkt å gå for gåver som mottakaren skal setje pris på. Ingen gryteklutar der altså. (Mogleg eg kjem til å ete dei orda i meg i løpet av bursdagshøgsesongen...) Eg klarar nok heller ikkje å la strikkepinnane ligge brakk, det blir truleg nokon strikka gåver og. Men i det store heile skal dei komme frå Singer. Og meg.

Heldigvis får eg ein litt roleg start. Med kun ein bursdag i januar og ein i februar har eg tid til litt prøving og feiling før det tar av for alvor i mars. Første bursdagsborn ut er ei frøken som fyller fire år, og eg har bestemt at ho treng ei toalettveske til ho skal på overnatting hos oss. Mogleg den avgjerda er tatt dels på grunnlag av mitt noverande synivå, men toalettvesker er jo alltid kjekt å få...? Dessutan skal ein ikkje kimsa av ein vakkert isydd glidelås.


Syrommet er forøvrig utstyrt med essensielle rekvisita (eit resultat av strategisk og framtenkt ønskeliste): CD-spelar og lydbøker. Etter ein større ryddeaksjon på syrommet (tidlegare kjent som gjesterommet) samt ein litt i overkant inspirert shoppingrunde på internettet er eg no straks klar til å gå igong. 

Inspirasjon og oppskrifter hentar eg hovudsakleg på nettet og samlar i mi dertil egna pinterest-mappe.

Etiketter: ,