tirsdag 18. februar 2014

Dr. Who som inspirasjon

Denne gåva gleda eg meg lenge til å laga! Niesa mi fylte 18 år på søndag, og eg visste at her bar det rett til tv-serien Dr. Who for å hente inspirasjon. Dette er favorittserien hennar, og i tillegg ein serie full av gullsitat (har ein snikande mistanke om at desse to tinga heng saman på eit vis...) No kan eg ikkje sei å ha sett mykje på serien sjølv, men den er eit oppkomme av gode replikkar som eg tenkjer å boltre meg i gjennom resten av dette innlegget. Så er du advart.


Tanken var å lage ei veske i ullfilt Dr. Who-style. Eg fann ei oppskrift på ei perfekt veske til formålet, berre ei lita hake der, og det er at ho er på russisk: arinarasputina blei dermed kjørt gjennom Google Translate med vekslande hell, men det såg gjennomførbart ut. Eller som doktoren sjølv ville sagt det: It isn't rocket science, it's just quantum physics.


Planen var å påføre ulike sitat på veska, saman med ei tversoversløyfe. Bow ties are nemlig cool. Eg kjøpte for ca. hundre år sidan nokon lure Lazertran-ark for å overføre print til tekstil. Litt usikker på kva eg skulle med dei i utgongspunktet, men no hadde dei plutseleg eit krystallklart føremål:

Do what I do. Hold tight and pretend it’s a plan!



















Dessverre fekk eg ikkje brukt mine nyvunne russiskkunnskapar i denne omgong, då eg etter å ha sett resultatet frå printinga mi såg at dette skulle bli ei heilt anna veske. Nemlig Messenger Bag frå Crazy Little Projects. Kjekk veske å sy, sjølv om eg valde idiotiske stoff å sy med... Særleg sidan eg ikkje før etterpå fant ut (etter å ha snakka med ekspertrådet på sybutikken) kvifor tråden min klumpa seg på undersida. Eg har heile vegen tredd maskinen min feil... Eller: Eureka! som det og kan kallast. Truleg blir livet med symaskinen lysare frå no av. Tilbake til veska: Imitert skinn på sidene og som skulderreim, lett stretch-stoff til sjølve veska. Poplinstoff til fôr. Neste gong (for dette er ei veske eg glatt kan lage igjen) held eg meg til bomullsstoff tenkjer eg...

Eg laga ei lita tredelt lomme inni veska til mobil, penn og blå telefonkiosk. Sjølv om ho ikkje gjer seg fullt så godt på nært hald som på avstand, og sjølv om eg framleis har mareritt om at ho skal ramle frå kvarandre grunna mine klumpete saumar, er eg ganske nøgd med resultatet:
Sjarmerande skakk, men veldig ferdig!

Påsydd Dr. Who-sitat på baksida

Midt på treet-lur idé om å stryke på eit merke på baksida av skulderreima.

Nærbilete av merket på baksida

Høg sjarmfaktor her altså. Bow ties are cool!


Etiketter: , ,

søndag 9. februar 2014

Hei, mamma!

Gratulera med dagen! Gratulera med dagen alle andre mammaer og forresten! Eg var så heldig å vakne opp til denne fantastiske morsdagsgåva i dag:
Gjenbrukbar kjærleik!
Sidan eg er svak for både lego og hjarter kunne eg ikkje fått ei betre gåve. Det er ei til på veg, men akkurat som mor si kjenner seksåringen på tidsklemma. Tjue minutt før leggetid ser gåva frå henne slik ut:
Imponerande sying av seksåringen!

Eg gler meg mildt sagt vilt til å motta ferdig produkt, dette skal nemleg bli ei hjartepute!

Tilbake til mammo: Hei, mamma. Du er fantastisk! Som nevnt blir gåva di overlevert her, sidan me ikkje sjåast før neste helg. Versågod, her er ei stoffkorg (den har eg laga sjølv):
I teorien ei ganske enkel oppgåve å sy... I teorien.
Korga har eg laga etter denne malen frå Purl Bee: Sewn Stash Basket. Ikkje avanserte greier dette, men eg fekk meir enn litt trøbbel med å sy korga saman. Det sto ikkje på mengden knappenåler, for der halte eg i land ein imaginær OL-medalje:
 Det å sy saman åtte lag med stoff og to lag med for viste seg å vera litt av ei utfordring for Singeren. Eller eventuelt meg. Ringrevar innan syfaget ville nok sagt at eg "burde [passande syteknisk uttrykk] ved hjelp av [passande dings på symaskinen], fordi dette er eit klassisk tilfelle av [passande typisk problem når ein syr mange lag] " Dessverre kjenner eg få ringrevar innan sying, så det blei til at eg sydde, spretta opp, sydde, spretta opp og deretter sydde. Heldigvis for meg er dette noko som ein fortrinnsvis skal ha ting oppi, ingen kjem til å sjå den ubrukelege innsida. Bruksområde, seier du? Mange. Til dømes:
Garnkorg
Hue- og skjerfkorg

Dopapirkorg

Frårådd bruksområde:
Kongekorg

Etiketter: , , ,